Både MFK og KBK spelte heimekampar i eliteserien i fotball måndag. Heimepublikumma i dei to byane trossa eit skiftande vårvêr og møtte opp på Aker Stadion og Nordmøre stadion for å heie fram laga sine. Til slutt måtte supporterane sjå laga sine gå av bana utan å ha tatt poeng. 1 – 0-tap for Molde Molde Fotballklubb tok imot Lillestrøm på Aker Stadion. Til pause var det mållaust mellom dei to laga. I andre omgang førte Thomas Lehne Olsen Lillestrøm opp i leiinga då han scora etter fem spelte minutt. MFK pressa hardt mot slutten av kampen og var nær ein sjanse, men fekk ikkje ballen i mål. Molde-spelar Emil Breivik kom i ein god posisjon på overtid, men ballen gjekk like utanfor målet. Lehne Olsen sitt mål blei dermed det einaste i kampen og Molde tapte 0–1 på heimebane. – Bensin Molde-trenar, Martin Falk, synest dei dominerte deler av den første omgangen av kampen og meiner dei burde ha tatt leiinga før pause. I andre omgang synest eg det svingar litt meir. Sjølv om vi har ballen mykje, så blir vi litt temposvake. Vi kjem ikkje til med like farlege situasjonar og det blir litt statisk, seier han. Falk trur spelarane kan ha blitt litt stressa av scoringa til Lillestrøm i starten av andre omgang. – Vi blir kanskje stressa i staden for å halde fram med det vi kan og er gode på. Det gjeld å jobbe trygt og sikkert, for då får ein betalt. Frå før av hadde Molde ein siger og eitt tap denne sesongen. No seier Falk at dei skal jobbe mot neste kamp, som blir mot HamKam. – Om dette ikkje er bensin, så veit ikkje eg. Det handlar om å analysere kva vi skal ta med oss og bli betre på, seier Falk. – Fortent Kristiansund BK greidde heller ikkje å ta poeng då dei tok imot Bodø/Glimt på heimebane på Nordmøre Stadion. Bodø/Glimt hadde god kontroll på kampen. Dei scora to gongar i første omgang og auka leiinga ytterlegare i andre omgang. Resultatet blei til slutt 0–3 til bortelaget. – Det var fortent. Bodø/Glimt var betre enn oss i dag, seier Amund Skiri, KBK-trenar. – Vi er ikkje gode nok i dag. Først og fremst med ballen, det blir for slurvete. Og vi fekk ikkje i gang noko eige angrepsspel, legg han til. Skiri seier at det Bodø/Glimt har fått til i Europa er imponerande og at han tek lærdom av kampen. – Det interessante med Glimt er tempoet, presisjonen i angrepsspelet deira og kor samhandla og trygge dei er. Dei er ein inspirasjon for veldig mange, inkludert oss. Å kome seg dit er ikkje så lett, men det er i alle fall noko å strekke seg etter. KBK står med ein siger og eitt tap så langt denne sesongen.